Tildeling av regionale forskingsmiddel for 2022
Samarbeidsorganet vedtok 61 tildelingar med ei kostnadsramme i overkant av 58 mill. kr.
Publisert 04.11.2021
Samarbeidsorganet vedtok i møte 3. november 2021 tildeling av søkbare regionale forskingsmiddel frå Helse Midt-Noreg til medisinske og helsefaglege prosjekt for oppstart i 2022.
Total søknadsmengde var i år på høgde med 2020, men tildelingspotten er større i år enn i fjor. Samarbeidsorganet vedtok 61 tildelingar med ei kostnadsramme i overkant av 58 mill. kr.
Sjå oversikt over alle tildelingane her
Det er utforma ein fagleg skriftleg respons på alle søknadane som har vore gjennom vitskapleg vurdering og søkjarane vil få tilsendt denne i løpet av dei nærmaste ukene.