Les rapporten om spesialisthelsetjenestens samfunnsansvar
Spesialisthelsetenesta skal vere leiande i arbeidet med miljø og berekraft, og fremje god helse gjennom miljøvennlig drift. Les vår rapport for samfunnsansvar for 2024.

Spesialisthelsetenesta har eit omfattande samfunnsansvar som strekkjer seg utover det å levere medisinske tenester av høg kvalitet. Dette ansvaret inkluderer å sikre berekraftig drift, framme sosial rettferd og å oppretthalde god styring.
Ved å integrere samfunnsansvar i alle aspekt av drifta, kan spesialisthelsetenesta bidra til ei berekraftig framtid og bevare tilliten frå pasientar, tilsette og samfunnet samla sett. Samfunnsansvaret omfattar «miljøansvar», «sosialt ansvar» og «verksemdsstyring».
Stort ansvar
Spesialisthelsetenesta har eit stort ansvar når det gjeld å forvalte ressursar på ein berekraftig måte. Som ein stor atktør i samfunnet er det avgjerande at vi har ambisjonar, mål og strategier for å sikre berekraftig drift, fremme sosial rettferd og å oppretthalde god styring.
Fokus på unødvendig forbruk
I løpet av 2024 har unødvendig forbruk blitt sett på dagsordenen. Bruken av eingongsutstyr er det ønskjeleg at vi får ned, både fordi eingongsutstyr skaper store mengder avfall, men også fordi fleirgongsutstyr ofte er av betre kvalitet, kan vaskast, reparerast og brukast att og dermed er ein betre utnytting av ressursane totalt sett. I tillegg er det gunstig å vere meir sjølvforsynt i ei verdsmarknad som er meir uroleg. På dette området har vi teke gode steg i rett retning. AD-ane i regionane ønskjer å følgje nøye med på den berekraftige utviklinga og har slutta seg til to nye indikatorar i 2024: å redusere forbruk av usterile hanskar og å redusere forbruket av eingongsvarmejakker.
Sjuande gang
Rapporten frå spesialisthelsetenesta for samfunnsansvar blir gitt ut for sjuande gong og for første gong i heildigital utgåve. For andre gong blir det presentert ein fullstendig klimarekneskap, som viser det totale klimafotavtrykket til spesialisthelsetenesta. I tillegg blir det presentert eit utval av tiltak gjennomført i verksemdene våre for å styrkje bidraget spesialisthelsetenesta har til ei berekraftig utvikling.