Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Midt-Norge

Månadens prosjekt: Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

I 2021 starta samhandlingsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, med mål om å gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Publisert 11.12.2023
En gruppe mennesker som står på en steinete strand og ser på havet
Bilete lånt frå nettsida for prosjektet på helse-mr.no

Prosjektet er eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal HF. I 2023 er det utarbeida sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Desse er først og fremst laga for at fagfolk i ulike instansar skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men og for at barn, ungdom og foreldre enkelt kan få oversikt over kor ein kan få hjelp. Prosjektet har mellom anna fått pasienttryggleiksmidler fra Helse Midt-Norge RHF og støtte frå InnoMed. 

Video fra youtube

Les meir om prosjektet og dei syv forløpa her:
Barn og unges helseteneste