Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo Helse Midt-Norge

Ber interesseorganisasjonar seia si meining om Ekspertpanelet

Etter evaluering av Ekspertpanelet ber dei fire regionale helseføretaka om innspel frå relevante interesseorganisasjonar.

Publisert 12.01.2022
Foto av mann i rullestol

​I 2018 gav Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) Helse Vest RHF, i samarbeid med dei andre regionale helseføretaka, i oppdrag å etablera ei nasjonal ordning med eit ekspertpanel i spesialisthelsetenesta. Gjennom Ekspertpanelet kan pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom få ei ny og ekstra vurdering av kva som er mogeleg behandling.

Evalueringsrapporten klar

I 2021, tre år etter at oppdraget med å etablera Ekspertpanelet kom, fekk dei fire regionale helseføretaka eit nytt oppdrag frå departementet:

«Dei regionale helseføretaka blir bedne om å evaluere Ekspertpanelet og vurdere endringar i mandatet. Det vert lagt til grunn at pasientar med ALS også skal bli omfatta av ordninga. Helse Vest RHF skal leie arbeidet».

Evalueringa er gjennomført med styring og ressursar frå Helse Vest, saman med dei tre andre RHF-a, og med innleigd hjelp frå rådgjevingsselskapet PwC, som Helse Vest har rammeavtale med. Årsaka til at ein hentar inn ein ekstern aktør er fordi ein ynskjer eit blikk utanfrå på korleis Ekspertpanelet og den nasjonale bruken av det fungerer. 

Rapporten frå PwC er no klar. Dei fire regionale helseføretaka har i lys av evalueringsrapporten laga eit supplerande dokument der dei går gjennom tiltak for å forbetra og utvikla Ekspertpanelet, les det her​.

Før RHF-a sender dokumentet med si endelege tilbakemelding til HOD, ynskjer me innspel frå relevante interesseorganisasjonar. Frist for tilbakemeldingar er 31. januar 2022.

Slik går du fram:

Send oss din organisasjon sine synspunkt slik at den er hjå oss seinast mandag 31.januar. Merk det med «Ekspertpanelet»

Postadresse: Helse Vest, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger
E-post-adresse: helse@helse-vest.no

 

Fakta om Ekspertpanelet

  • Ekspertpanelet er lagt til Helse Bergen HF, med eit eige sekretariat same stad, og det involverer fagekspertar frå alle dei fire helseregionane.
  • Eit viktig mål for Ekspertpanelet er at pasientar og pårørande skal kjenna seg sikre på at all relevant behandling er vurdert.
  • Forventa levetid på under eitt år har så langt vore ei rettleiande grense for kva type pasientar Ekspertpanelet kan vurdera.