Vil gje betre pasientbehandling

Med ein ny og felles pasientjournal vil befolkninga i Midt-Norge få betre og tryggare helsetenester enn dei har i dag, skriver Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Ein av dei største gevinstane ved Helseplattformen er felles oppdatert informasjon om pasienter på tvers av kommunar, fastlegar, sjukehus og avtalespesialister.

Torstein Hole

Torstein Hole, fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, skriv om Helseplattformen.

Helseplattformen vil endre kvardagen for sjukehustilsette som jobbar med fleire gamle it-system for å løyse ulike oppgåve. I ny pasientjournal blir alle relevante opplysningar om pasienten frå fastlegen, poliklinikken og røntgenbesøket samla og gjort tilgjengeleg for tilsette. På den måten styrkar vi samhandlinga og kan gi ei betre heilskapleg pasientbehandling.

Les hva tre andre helsedirektører skriver om Helseplattformen: Torbjørn AasHelge Garåsen og  Grethe Aasved

Ny pasientjournal vil også bidra til å styrke kvar enkelt organisasjon ved å leggje til rette for auka verdiskaping og innovasjon. Digitaliseringa av helsesektoren gjer at vi kan løyse ting på nye måtar der sjukehusteknologi blir ein føresetnad for å sikre framtidsretta og berekraftige helsetenester. Det er viktig å ha realistiske forventningar og ambisjonar når vi skal innføre og ta i bruk Helseplattformen og arbeidet vil krevje mykje tolmod, tid og ressursar av alle som jobbar i helsetenestene.

Når Iqra (7) legger seg i senga si hjemme på Fossegrenda har hun alltid en sykepleier hos seg hele natten. Det krever et tett og velsmurt samarbeid mellom kommunen, sykehuset og hjemmet

Eit skifte av system er likevel heilt nødvendig da systema som vi nyttar i dag er overmodne for utskifting. Dei gamle systema understøttar ikkje arbeidsfl yt og heilskaplege pasientforløp og dei manglar i stor grad funksjonalitet for å sikre gode vedtak og kvalitetsforbetring.

Dei to neste åra skal vi i Helse Møre og Romsdal bidra i eit stort dugnadsprosjekt med å byggje og tilpasse den nye løysinga til midt-norske forhold slik at ho understøttar pasientforløpa og arbeidsprosessane våre. Det skal fattast mange vedtak der både fagmiljøa og vi som leiarar vil bli utfordra for å verte samde. For å lukkast i innføringa av Helseplattformen er vi avhengig av å sikre involvering av riktig kompetanse og samarbeid mellom helsepersonell og leiarar på tvers av omsorgsnivå, geografi og organisasjonar.

Suksess avhenger også av at vi setter av god tid til nødvendig opplæring av tilsette og sikrer at vi får nytte oss av den verdifulle kompetansen og erfaringane hjå fagfolka som har jobba godt med anskaffinga av Helseplattformen.

Denne saken er hentet fra Magasinet HELSE - som omhandler Helseplattformen. Her kan du bla i den digitale utgaven av magasinet.

Vil du motta nyheter fra Helse Midt-Norge og Helseplattformen én gang i uka? Registrer deg her for å motta nyhetsbrev fra Helse Midt-Norge og her for å motta nyhetsbrev fra Helseplattformen

Les mer på Helseplattformens nettsider