Satsar på fullsett forskingskonferanse

2. og 3. oktober i Kristiansund

– Samarbeid og kreativitet er viktige stikkord for framtidsretta forsking og innovasjon. Desse to stikkorda står i fokus på konferansen, seier arrangementsleiar Solveig Roth Hoff.

Satsar på fullsett forskingskonferanse

Dette er føredragshaldarane på regional forskingskonferanse i Kristiansund: Camilla Stoltenberg, Tormod Thomsen, Giske Ursin, Steinar Thoresen, Lise Tarnow, Eivind Lauritsen, Anne Kjersti Fahlvik, Wenche P. Dehli, Bjarne Hansen, Gerd Kvale, Dag Arne Lihaug Hoff, Jan Brinchmann, Stein Kaasa, Einar Vedul-Kjelsås og Björn Gustafsson.

Onsdag 2. oktober går startskotet for den to dagar lange regionale forskingskonferansen i Kristiansund. Forskarar frå heile Helse Midt-Norge er inviterte til å ta del og møte kollegaer frå regionen med same interesse.

Konferansen skal stimulere og legge til rette for samarbeid innan feltet  til beste for pasientane.

– På programmet er det mange tema som er aktuelle på tvers av fag og yrke, og for forskarar i både små og store føretak, seier Hoff.

Programansvarleg Solveig Roth Hoff gler seg til konferansen

– Eg er stolt over programmet, og gler meg til konferansen, seier arrangementsleiar Solveig Roth Hoff, som er radiolog og seksjonsoverlege i Helse Møre og Romsdal.

– Konferansen blir ein smeltedigel for forskingsferskvare. Både nye og meir garva forskarar og forskingsinteresserte kan møtast til samtalar, nettverksbygging, flotte føredrag og ikkje minst ein festmiddag med kultur, god mat og gode kollegaer, seier Teige.

HMN_portretter_IMG_7721_ Berit, fotoKristinStoylen_til web.jpg

– Hugs at Kristiansund er ein by med lange tradisjonar for klippfisk, opera og gode historier, lokkar forskingssjef Berit Kvalsvik Teige i Helse Møre og Romsdal.

Meir og betre forsking
For programkomiteen har det vore viktig at føredragshaldarane er ei blanding av både forskarar som snakkar om eigne prosjekt, og sentrale aktørar med synspunkt på planlegging og organisering av forsking.

– Nokre vil snakke om korleis forsking kan få størst mogeleg nytte for samfunnet. Andre vil gå djupare inn i kva vi må gjere for å sikre finansiering, seier Hoff.

Meir og betre forsking er eit klart mål i Helse Midt-Norge. Deltakarane på konferansen vil få mogelegheita til å diskutere korleis miljøet skal få til dette.

 – Dei vil også få større innsikt i nytten av å involvere brukarar i forsking, og i korleis vi skal klare å gjere forskingsfunna våre tilgjengelege for pasientar og andre på ein forståeleg måte, fortel Hoff.

Stor aktivitet
Til konferansen er det kome inn mange fleire abstracts enn arrangøren hadde håpa på.

– Det viser at det er stor forskingsaktivitet rundt i føretaka. Her vil det bli mykje å lære og å la seg inspirere av, seier Hoff.

Både master-, ph.d.- og forskarprosjekt vil bli presentert.

På stand vil deltakarane møte ansvarlege frå Klinisk forskingspost ved Helse Møre og Romsdal, Forskingsposten ved St. Olavs hospital, Biobank1, Clinical Trials Unit (CTU) og IKT-støtte for forsking.

Påmeldingsfristen for konferansen er 30. august, og det er framleis nokre få plassar igjen.

Meld deg på konferansen 

Gå til konferansenettsidene

 Sjå heile programmet