Evaluering av tilboda i sommar

Fredag 12. juli gjekk fristen ut for å levere tilbod om å bygge akuttsjukehuset på Hjelset. Prosjektet vil no bruke sommaren til å evaluere dei innkomne tilboda.

​Konkurransen om å bygge akuttsjukehuset på Hjelset er ein totalentreprise med samhandling og har ei budsjettramme på ca. 2,1 milliardar kroner. Av konkurransemessige omsyn går ein ikkje ut med talet på innkomne tilbod. Som ein del av evalueringsprosessen av tilboda, vil ein i august gjennomføre intervju og eventuelle forhandlingar med entreprenørane. Deretter er planen å inngå kontrakt med innstilt entreprenør i september/oktober i år.

Les meir: Eitt steg nærare nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal

Fant du det du lette etter?
Tilbakemeldingen vil ikke bli besvart. Ikke send personlig informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.