Organdonasjon: - Vi må tore å spørje

I dag markerte helseminister Bent Høie starten på den nasjonale organdonasjonskampanjen som er retta mot tilsette i helseføretaka. Så langt i år er det gjennomført færre organdonasjoner enn på same tid i fjor.

Bilde fra organdonasjonskampanjen i Ålesund
Dei pårørande ga eit viktig ja. F.v: Intensivsjukepleiar Merete Gjerdsbakk, anestesilege Terje Takle, Dagunn Aase Grimeland (mor), Ronny Grimeland (far), donoransvarleg lege Molde Bardo Driller, helseminister Bent Høie.

No ønskjer helseminister Bent Høie auka merksemd om organdonasjon både i befolkninga og blant helsepersonell.

På intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus blei helseministeren tatt imot av legar og sjukepleiarar samt pårørande til ein ung gut som for 2 år sidan mista livet berre 22 år gamal. På sin aller tyngste dag som foreldre, valde dei å seie ja til organdonasjon. Det førte til at tre personar fekk livet i gåve.

- Det var til hjelp for oss at vi hadde vore innom temaet sjølve, då vi fekk spørsmålet om organdonasjon frå sjukehuset, seier Dagunn Aase Grimeland som er mor til Tor-Erik som døde.

Meining i det meiningslause

Historia til ekteparet var sterk og rørte ved dei som fekk høyre den.

- Å miste ein ung gut gir ikkje meining. Organdonasjon kan gi ei meining i det meiningslause, seier Høie og takka dei pårørande for at dei ville dele si historie slik at det gir merksemd til eit viktig tema.

Bilde av statsråd Høie i Ålesund.

Helseminister Bent Høie fekk høyre kva tankar dei tilsette har rundt den vanskelege, men viktige samtalen med pårørande. F.v: Helseminister Bent Høie, seksjonsleiar Greta Solnørdal og anestesilege Terje Takle.

- Vi blir alle eldre og det er mykje større sjanse for at du treng eit organ enn at det blir aktuelt å gi eit organ, seier Ronny Grimeland far til Tor-Erik som meiner at hvis du vil motta eit organ, så må du også vere villig til å gi.

Les også: Krever tiltak for å øke antall donorer

Torer vi å spørje?

Nasjonale tal viser at sjølv om det er dei største sjukehusa som har flest donorpasientar, så betyr bidrag frå dei små sjukehusa mykje. Donoransvarleg lege ved Molde sjukehus Bardo Driller og anestesilege Terje Takle ved Ålesund sjukehus ser heilt klart at ein donor ekstra frå dei mindre sjukehusa utgjer mange på landsbasis.

- Å ta opp tematikken er krevjande, og det må vere eit tidsvindu frå du har fått informasjon til spørsmålet kjem, men mi erfaring er at vi må tore å spørje, seier Takle.

Bilde av pårørende på besøk i Ålesund.

Møtte pårørande: f.v. Grethe Andersen, Merethe Gjerdsbakk, Terje Takle, Kjersti Bergjord, Dagunn Aase Grimeland (mor), Ronny Grimeland (far), Greta Solnørdal, Espen Remme.

Tilbakemeldingar frå pårørande viser også at dei er positive til at temaet organdonasjon blir tatt opp, uansett om svaret deira blir ja eller nei. 
Intensivsjukepleiarane Grethe Andersen og Merete Gjerdsbakk frå donorgruppa ved Ålesund sjukehus, meiner dei tilsette har tematikken langt framme i tankegangen allereie.

- Vi har informasjonsmøter og opplæring internt, og vi deltek på kurs nasjonalt som mellom anna tar opp kommunikasjon med pårørande. Vi opplever også at det i samfunnet er mange som er meir bevisst spørsmålet og som har tenkt tanken, seier Andersen.

Helseministeren håper kampanjen vil nå både tilsette og pasientar, og bidreg til at fleire seier ja. 

- Kvar enkelt ja betyr så mykje for den som får organet, seier Høie.

Fakta

Kvifor er organdonasjon viktig?

  • Organdonasjon redder liv.
  • Til ei kvar tid står fleire hundre menneske på venteliste for eit nytt livreddande organ i Noreg.
  • Organdonasjon er for mange menneske einaste utveg frå ein dødleg sjukdom.
  • Behovet for organ aukar og målet er at fleire menneske som treng det, skal få tilbod om organtransplantasjon.

Korleis bli organdonor?

  • Viss du ønsker å vere organdonor, er det viktig at dine næraste pårørande kjenner til det.
  • Det er di vilje til organdonasjon som gjeld. 
  • Du kan opprette eit digitalt donorkort i kjernejournalen din. Logg på helsenorge.no

Kjelde: helsenorge.no/organdonasjon