Solberg lovar pengar til SNR

Statsminister Erna Solberg bekrefta at det kjem pengar til Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på neste års statsbudsjett da hu besøkte tomta på Hjelset.

​Tirsdag besøkte Solberg sjukehustomta på Hjelset utanfor Molde by, og kom med nyheiten om at lånesøknaden for SNR vil bli innvilga. 

- Dette er ein veldig hyggeleg dag. Vi skal halde fram med å byggje gode helsetenestar for pasientane og da treng vi nye sjukehusbygg. Det vil kome pengar i statsbudsjettet slik at oppstarten kan følgje planane som er lagt, sa Solberg. 

Den totale låneramma fram til 2022 er på 3,5 miliardar kronar og utgjer 70 prosent av kostnadsramma for prosjektet.

Les heile saka på Helse Møre og Romsdal HF si nettside.